onsdag 29. desember 2010

Alle skal få

Eg skreiv om dei grøne vottane eg strikke til Hansemann i eit innlegg før jul. Då storesyster Ingebjørg fekk sjå dei, ville ho også så gjerne ha. Så då var det berre å gå i gong å strikke då? Ho fekk velje farge sjølv og då vart det (ikkje overraskande) farge 35 Petunia. Strikka etter oppskrift 1916 Tova votter (+ Strikk til nøstebarn) og det gjekk med 60 gram 3-tråds Merinoull. Eg strikka etter råd frå Kathrine som kommenterte  til innlegget om Den grøne votten: Eg la opp til størrelsen over og følgde tala i oppskrifta på lengda til den størrelsen eg skulle ha. Tova på 40 grader "Lettstelt". Dei vart heilt perfekte :-)
Dekoren vart Snella og Petronella sine ordknappar som me sel i våre butikkar.


Eg ser på diverse bloggar at mange legg ut  kva dei fekk eller gav til jul. Eg fekk mykje fint, men har likevel veldig lyst å leggje ut gåvene Hansemann og Ingebjørg fekk frå dei flittige niesene sine. Det er sparebøsser laga av syltetøy/fetaost-glas.
Loka er måla med hobbymaling og det er skore hol i loket til pengane. På glaset har dei limt på kattar og fjes som vert blidare og blidare jo fullare sparebøssa vert. Dei har måla på papir og limt på glaset. Så om du treng ein aktivitet til rolege romjulsdagar er det berre å setje i gong. Og så spare spare etter utskeiingane i desember.
Og takk til Amalie og Mathilde for flott ide og fine gåver :-)

onsdag 22. desember 2010

Tjukt volangskjerf og langlue

Alle strikkar vel for harde livet for å bli ferdig med julegåvene. Eg har rett og slett strikka til meg sjølv i det siste. Fekk så lyst på ei ny lue og eit stort tjukt Volangskjerf. Tenkte det hadde vore fint i fargen 92 Naturgrå, men fant ut at min vinterbleike hud trengte litt meir farge.

Skjerfet er derfor strikka i 43 Lilla, 35 Petunia og 32 Lyng. Eg har brukt dobbelt 2-tråds Merinoull og pinne nr 6. Lua er strikka i 35 Petunia, også denne i dobbelt 2-tråds Merinoull, men på pinne 5. Oppskrift på lue og skjerf kan du laste ned gratis her.
Lua er lang og heng litt ned bak. Den var veldig enkel og rask å strikke. Volangskjerfet strikka eg melert, dvs to trådar av ulik farge. Medan eg felte av strikka eg "bobler" i kvar 20. maske. Skjerfet vart veldig tjukt og godt og gjorde seg godt på kåpa.
Ingebjørg (9) stakk av med lua med ein gong ho var ferdig, så då måtte eg strikke eit skjerf og ei lue til ho også. Slik at eg kunne ha mi eiga i fred. På biletet her har ho på seg mi lue, altså damestørrelsen. Oppskrifta laga eg oppskrift på 3 størrelsar i lue og 2 i skjerf. Oppskrift lastar du ned gratis frå Nøstebarn sine sider her.


(Fotograf Tove Breistein)
Kan ellers slå eit slag for Baskerlua og skjerf (oppskrift 1954 + Strikk til nøstebarn, side 123). Eg brukte denne lua som utgongspunkt då eg laga den nye. Settet er fint både til jenter og dame. Oppskrifta er i tre størrelsar: 1-3 (5-8)år + Dame. Ein dekorere med hekleblomst eller rosett.
(Fotograf Tove Breistein)
Vottar i same stil. Strikka fram og tilbake i rillestrikk. Oppskrift 1938 + Strikk til nøstebarn Størrelse baby til Dame. Vottane er strikka i dobbelt 2-tråds Merinoull. Fargen på biletet er 62 Turkis, men den er erstatt med ny nyanse sidan disse var tatt. No er 62-fargen lik kleda i Breblå som du kan sjå døme på her. Vottar er normalt ikkje det enklaste å strikke, men disse er veldig enkle og er gjort på eit par kveldar.

Eg reiser til Vestlandet i dag for julefeiring. Eg har pakka både strikketøy både til bilturen og jula. Altså eit "bilstrikketøy" og eit prosjekt eg har gleda meg til å gå i gong med lenge som skal "nytast" i jula. Nokon som vil dele kva dei skal ha som julestrikk?
Ønsker alle lesarar ei fin julefeiring!

mandag 20. desember 2010

Jul av ingenting

Midt i alt ståket og kjøpemaset skal dette handle om julepynt ein kan lage av ingenting. Eller rettare sagt: av det ein har i hus allereie. Då eg kom i barnehagen til Hansemann i begynnelsen av desember hadde dei fått opp krans på døra. Det varma hjarta å sjå at den var laga av mest berre slike ting ein har. Innmaten er laga av avispapir som er rull/akrølla saman til ein ring og så er det surra med tynn ståltråd granbar, kongler og kvistar. Vil me ha meir pynt på har me vel det liggjande ein stad.
Tek med eit bilete av kransen frå baksida. Om du ikkje har krans på døra, slepp du ut på overfylte kjøpesenter for å få tak i det. Ta ein tur i hagen/skogen i staden!

Juleverkstad høyrer med til advent. Eg er jo Kunst og Handverk-lærar eigentleg, så dette har eg stor erfaring med. Eg hugsar eg gjekk med glitter "overalt" frå november til langt utpå nyåret. Det vert derfor ikkje mykje glitter her i huset, men juleverkstad har me.

I år har me laga lyslykter av syltetøyglas. Har limt på silkepapir og serviettar med decoupage-lim. Eg trur det skal gå greit med vanleg lim eller tapetklister også. Har pynta med blonder, perler og band langs kanten. Nokre har me laga hank på. Dei er fine å ha både inne og ute. Det er også fint å lage lyslykter med perler og ståltråd. Ta ein kikk i Marias strikkeblogg som har eit innlegg i julekalenderen sin om dette.

lørdag 18. desember 2010

Den grøne votten

Eg har lest "Den grønne votten" av Alf Prøysen for Hansemann. Veldig koseleg bok. Merkar det er ei anna tid boka er skrive i, så nokre ting må forklarast. Rørande å lese om kor Ragnar gler seg til å få vottane og kor trist han er då den eine er vekke. Ser ikkje for meg at mine ungar kunne kjent det på same måte?Fekk likevel ide om å strikke eit par grøne vottar til Hansemann.




Brukte oppskrift 1916 tova vottar (+ i Strikk til nøstebarn). Ingenting er så godt og fint som tova vottar. Oppskrifta er eigentleg laga for lanolingarnet som er tjukkare enn 3-tråds merinoull. Har derfor erfaring med vottane kan bli litt små. Derfor strikka eg med 1 tråd 3-tråds  og ein tråd 2-tråds Merinoull.   Fargen er 74 Gressgrønn som me har ganske mykje av her i huset.

Dei vart ferdige i dag tidleg kom rett i vaskemaskinen. Har tidlegare erfaring med at vottar kan bli til sprettballar i vaskemaskinen, så eg starta roleg med "lettstelt" og 40 grader. Dei vart ikkje tova nok, så tova vidare for hand med varmt vatn og grønsåpe. Inn i maskinen igjen på skylleprogram og no vart dei passelege. Bokstavane vart broderte på med kjedesting med farge 10 natur. Satsar på at disse vottane ikkje skal gjennom like mykje som vottane i boka.

Eit lite tips: Når det bles eller for å spare vottane for skit, kan det vere greit med eit vindtrekk over vottane. Kanskje har ein vottepar liggjande der foret er slitt eller øydelagt? Klypp ut foret og brukt vindvotten over strikkevottar.

onsdag 15. desember 2010

Stjernekrig og pappsløyd

Hansemann på 4,5 er veldig interessert i romskip, lasersverd og andre tøffe saker. Mor er litt lei seg for at den store interessa for det maritime er lagt litt på hylla. Mykje meir koseleg å tøffe rundt med båtar på golvet enn å springe rundt med noko langt i nevane og brøle : ”Ta den! Og den! Du er død!” Nesten  alt på ønskelista byrjar med Star Wars. Og medan me ventar finn me andre ting som kan fungere:
Papprøyr frå aluminiumssfolien og kalendrane er blitt til tøffe lasersverd. Prøvde hardt å sjå veldig skummel ut på bileta. Me har brukt sprittusj og hobbymaling. Disse er mykje brukt og er blitt litt frynsete og skada etter nærkamp. Dressen er pysj uten fot  i ullfrotte og fungerer som Hansemann sin "onepiece". Vil helst ikkje av når det er tid for å gå i barnehagen.

Hansemann er glad i å stå tidleg opp og laurdag morgon, før fuglane tenkte på å gjere nokon ting som helst, laga me romskip av tome esker. Me måla med hobbymaling og lånte raust av storesyster sine glitterpennar. Resultatet er me veldig nøgde med og køyretøyet har hatt mange turar til fjerne galaksar allereie.

Me samlar alt papir/papp som skal til resirkuleringi ei korg i gongen. Ofte resirkulerer Hansemann tinga før det kjem ut av huset. Bilar, datamaskinar og båtar er nokre av tinga som har blitt til. Det går med mykje tape (gaffatape = best) og av og til må me til med limpistol for at ting skal henge. Det kjekkaste er å lage tinga, så dei får ofte stå i fred når dei er ferdig. Etter ei tid på utstilling hamnar det på nytt i dunken (og denne gongen i dunken heilt ute.) Dette minner kanskje om "Pappsløyd" som dei hadde i skulen for nokre tiår tilbake?
Her er link til ein fin blogg som syner kor mykje tøft det går an å lage av mellom anna frukostblanding-esker: MadebyJoel .Hansemann har lete seg inspirere her fleire gonger. Kven treng ferdiglaga hobbypakkar?

mandag 13. desember 2010

Flekkar som aldri går vekk..

Ingebjørg på 9 fekk ny ulljakke frå Nøstebarn i fjor. Etter ei  veke i bruk kom ho heim frå Kulturskulen med jakka full av maling. Æsj så kjedeleg. Tok nokre dagar før eg orka å sjå på jakka i det heile, men så tok eg utfordringa. Både mor og dotter fornøyd og jakka har vore brukt mykje.
Har klypt ut lappar av tova ullkler og sydd dei på med små forsting (”opp-ned-sting”) med restar av 2-tråds Merino. Nedst på erma la eg stoffet rundt kanten og sydde på.
Den søte ordknappen er frå Snella og Petronella som Nøstebarn sel i butikkane.

Siden me er i advent og mange sikkert er opptatt med mykje anna enn å dekke over flekkar også, tek eg med eit bilete av juledekorasjonen min:
Eg har kjøpt heil kanel, kardemomme, anisstrjerner, laubeærblad og  nellikspikrar. Så har eg tørka appelsinskiver slik: Skjer appelsin i skiver på ca en halv cm og legg dei på ei bakepapirkledt plate. Tørk i ovnen på 100 grader nokre timar til dei er heilt tørre. Lurt å opne og snu litt på dei innimellom. Det går visst an å tørke epleskiver på same måte.

Då dei var kalde pensla eg dei med eggekvite og strødde på sukker for "frost-effekt". Dette biletet er frå adventstaken, men dei kan brukast til mykje: På kransar, dekorasjon av pakkar, hengje fast på ei snor med klesklyper, bord-dekorasjon og så vidare..

mandag 6. desember 2010

Englar frå Tyskland

Forrige veke var eg på julemarknad i Reutlingenog Stuttgart. Dei tyske julemarknadane har ein flott stemning; mykje å sjå, lukte og smake. Og kjøpe sjølvsagt.. Heile byen er gjort om til julemarked med boder som overgår kvarandre i dekorasjonar. Nokre av bodene er faste medan andre vert leigde ut for enkelte dagar til skular eller foreningar. I ei av disse bodene fann eg to englar som berre måtte bli med meg heim. Dei er laga av ei salmebok, så kjolane er florlette og med tynn tynn strek med gull ytst. Hovudet som er ei trekule er festa til kjolen med ståltråd.

 Det var vanskeleg å ta eit bilete der dei kom til sin rett. Det kribla i "Formingslærarfoten" og eg fekk lyst å lage sjølv. Eg  hadde det derfor som aktivitet på søndagsskulen sitt juleverkstad på søndag. Gjorde om litt på framgongsmåten, så dei skulle bli enklare å lage. Prøvde å få tak i ei gamal salmebok på Fretex, men utan hell. Brukte derfor restar av gavepapir eg hadde liggande.
For dei som har lyst å prøve treng du: Trekule 12-15 mm, Papirbit ca 9x18cm, litt tråd, til dømes type gull, limstift

1: Brett eit papir i folder , slik at brattane går langs med kortsida. Klypp eit hakk på midten av arket (ved pila) nesten halvvegs.


2: Hald "trekkspelet" tett saman og brett ned "vengene" på kvar side. Legg tråden rundt magen, slik at trådendane blir hengjande bak. Ta endane over kvar skulder og træ dei ned i løkka framme på magen. træ på kula. Knyt ein knute i enden av trådane, slik at engelen kan hengje.


3: Ta litt lim på undersida av kvar venge og lim dei fast til skjørtet. Hald saman skjørtet og klypp eit hakk midt i, og gjer det same ytst på vengjene. Dette har eg ikkje gjort på engelen på biletet. Sjå på originalen på biletet øvst oppe.
Lykke til!
Kan sikkert vere fint med anna papir og kanskje andre perler til hovud?  Små englar, store englar?

Heilt på tampen tek eg med ein link til Frida sin blogg: Silkesauen som syner ei Nøstebarn-sparkebukse som vart til ein kalendar. Godt gjenbruk!

søndag 5. desember 2010

Vinterstrikk

Ingenting er så godt som strikkeklede når det er kaldt. Det er også godt å sitte inneog strikke no når det er så kaldt.Eg er så heldig å ha ei svigermor som er ein racer til å strikke. Ho strikkar modellar til butikkane til Nøstebarn og det går stadig nye posar med garn og oppskrift til Vennesla. Denne veka fekk eg tre modellar ho hadde laga klar. Eg tenkte eg ville dele dei med dykk før eg sendte dei opp til Trondheimsbutikken. Her i sør er det kome ein del snø og eg har derfor tatt plagga med ut i hagen.

#1955 Jakke strikka i eit stykke er strikka i Silkeull i fargen Tinn. Denne vart litt nostalgisk og veldig kjekt at Tinn er unisex. Både i tilfelle ein ikkje veit kva kjønn babyen som kjem blir og med tanke på arving.
#1923 Raglangenser i 3-tråds Merinoull. Kantane er strikka stripete i Vårgrønn og Breblå/Turkis og resten av genseren er i Jeansblå. Grei genser til kvardagsbruk under regnklede eller dress. Med litt dekor vert det etter min erfaring gjevare å ta på.
Her er nærbilete av bilen som er hekla frå Brukt på nytt, men i 3-tråds Merinoull. Vart ein mellomting mellom folkevogn og monstertruck?
#1943 Jakke med rundfelling i 3-tråds Merinoull og den nye fargen Bringebærrød. Den nye fargen er skikkeleg frisk og eg synes den passa godt til denne jakka. Her er strikka med krage, men det vel ein jo sjølve. Ein fin jakke å ha over julekjolen? Jakka vert strikka fram og tilbake i rillestrikk. Veldig enkel og rask å strikke.

onsdag 1. desember 2010

Volangskjerf

Etter å ha hekla snurreskjerf var eg klar for strikking, men var framleis i skjerfmodus. Fann oppskrift på Madammims blogg.  Gjorde om litt på oppskrifta for å få det breidt og langt nok:

Strikka i (ca 40 gram)  silkeull og pinne nr 4.
legg opp 110 masker,strikk 5 omg rett
Auk ved å strikke framme og bak i kvar maske = 220 masker, 5 p rett
Auk ved å strikke framme og bak i kvar maske = 440 masker, 5 p rett
Auk ved å strikke framme og bak i kvar maske = 880 masker, 5 p rett
Fell laust av.
Strikka i min favoritt Silkeull-farge Tinn.

Volangskjerf med holemønster: Fekk lyst å lage eit litt "blondete" skjerf. Så på dette skjerfet strikka eg inn holrad på kvar 8., 14. og 20.pinne. Hekla picotkant som vart veldig fint, men tok ein heil liten evighet.
Holrad: *2 sm, 1kast* gjenta *-*
Picotkant: *3lm, 1halvst i 1.lm, hopp over ei maske, 1kjm*. Gjenta *-* Heklekrok nr 4

På det blå skjerfet er eg framleis på Silkeull, men har auka ved å ta kast mellom kvar maske. Så slo eg aukinga og holrada i eit smekk. Det er jo alltid tilfredsstillande..
Har fått mange lovord når eg har brukt skjerfa. Går med dei heile tida og har i ulike fargar alt etter antrekk. Godt å ha i halsen på litt utringa kjolar og tunika. Pyntar opp gjer dei og. Sidan eg sjølv liker dei så godt har eg tenkt at dette kanskje og er noko for andre. Derfor blir dei å finne under fleire jultre i år. Eg lurer på om det hadde vore fint å strikka det stripete, til dømes i ton i ton-fargar i Merinoull  Eg trur eg må prøve det. dei er kjekke å strikke og etter å ha strikka 5 stykk er eg ikkje lei.