mandag 31. januar 2011

Vinnarar og Grand finale!

Så var me kome til siste dagen i restegarnjanuar. Det har vore kjekt å være så fokusert på ein ting og eg takkar for alle tilbakemeldingar frå dykk! Rekordstor deltaking på konkurransen denne veka. Heile 247 inkomne bidrag på kommentar og e-post. Det betyr at eg skal trekkje 2 garnpakkar a 500g.
Har lyst å informere om korleis eg trekkjer: Alle inkomne bidrag får eit nummer etter kva rekkjefølgje dei kom i. Deretter går eg inn på random.org og skriv inn talet på deltakarar. Så trekkjer då maskina eit tilfeldig nummer som dermed blir vinnar.
Og vinnararar denne veka vart:
Maria's Whims sa...
Om jeg hadde vunnet hadde jeg ønsket meg farge nummer 41 i 3 tråds merinoull og laget ei kragejakke til tantebarnet mitt :)

Lene sa...
Jeg vil strikket en ribbegenser med raglandsfelling til min gutt:) og deretter en ribbebukse, kanskje striper i farge 11, 12 og 13?
 Gratulera! Gratla! Grattis! Send meg ein e-post med kva 5 garnbuntar de vil ha og adresse, så er garnet snart av garde i posten til dykk! kathrine@nostebarn.no

Tidleg i månaden hadde eg eit innlegg som viste lappar eg har laga til oldemorsteppe. Eg hadde som mål å få hekla dei saman i løpet av januar. No er teppet ferdig!



Eg hadde tenkt å hekle dei saman med fastmasker, men fekk tips frå Linda:

lørdag 29. januar 2011

Dominostrikk

Eg har strikka nytt stoltrekk til ein gamal stol far min skaffa seg då han flytta på hybel på 1960-talet ein gong. Setet var veldig slete og eg fekk lyst å prøve ny teknikk då eg skulle i gong med stoltrekk. Valet falt på Dominostrikk som viste seg å vere genialt på den måten at ein slepp å sy saman rutene.

fredag 28. januar 2011

Mosters babystrømper

Småprosjekt er glimrande restegarnprosjekt. Til Mosters strømper (oppskrift 1904 + Strikk til nøstebarn) går det ikkje meir enn 25 gram 2-tråds Merinoull. Dei er enkle å strikke og er fine også med striper. Størrelsen i oppskrifta er 4-12. Aksel som er modell på bileta er 8 mnd og dei var rikeleg store nok til han.

torsdag 27. januar 2011

Heilt enkel Nøstebarngenser

No i januar har eg strikka gensrar i restegarn. Har brukt mykje dei tynne i 2-tråds Merinoull til ungane; dei er supre under jakke, fine inne og gode året rundt. Eg er veldig glad i Rullegenseren (#1931 + Strikk til nøstebarn), men den er litt vid? Bestefartrøya (#1945 + Strikk til nøstebarn) er smalare, men eg har fått tilbakemelding om at den er litt snau på lengda. Eg har no derfor tatt det beste frå dei begge: kantane frå rullegensaren, vidda til bestefartrøya og lagt til ein del på lengda. Hadde lyst at oppskrifta skulle vere heilt enkel slik at alle kan få den til. Har derfor kutta ut halsfellinga fordi det fungerer heilt fint uten når ein har ribbestrikk eller rullekantar. Takk til Ella og Aksel som stilte som modellar :-)

Her er Ella 4 år i str 4 år. Genseren er heilt enkel i 2-tråds merinoull med rullekantar. Mange fargar. Synes det vart overraskande fint med det oransje og raude mot lyngfargen.

onsdag 26. januar 2011

Varm puls / Fyrierma

Pulsvarmarar er ikkje berre til pynt. Om ein frys er det berre å ta på pulsvarmarar. Dei er er glimrande dersom ein har trøyer eller jakkar som er litt korte på erma. Eg bruker dei mest når eg sit ved pc'en og arbeidar. Godt å ta dei på når det er litt kaldt på kontoret og eg blir kald av å sitje i ro.
Eg er eigentleg ikkje noko vottemenneske for eg vert så varm på nevane. Derfor bruker eg pulsvarmarar når eg går tur. Drar dei godt over nevane om eg er kald og drar dei opp når eg er varm. Supert!

Men sjølvsagt pyntar dei opp også ved sia av nytteverdien OG dei er glimrande restegarnprosjekt.

Fyrste par ut er ein modell der Maria har laga oppskrifta og dette paret de ser på biletet. dei er strikka i 2-tråds Merinoull og i farge 13 Mokka. Mønsteret vert danna rett og slett ved at ein rekkjer opp m på siste omgong.

mandag 24. januar 2011

Strikk til bruk! Vinnar og ny konkurranse

Takk for alle inkomne bidrag til konkurransen! Det har vore så utruleg kjekt og inspirerande å lese kva de har mellom nevane akkurat no. Ser at eg ikkje er den einaste som held på med mange prosjekt på ein gong. Eg måtte jo ta ei lita oppteljing og lage ei liste over dei som gjekk att:

torsdag 20. januar 2011

Strikka armbånd

Korreksjon = kjedeleg sak
Eg byrjar med ei kjedeleg sak. Det er min store skrekk at det skal vere feil i oppskriftene. Årvakne Silkesauen oppdaga at det sto feil pinnestorleik oppgitt på Volangskjerf og sjal med volang. Det skal vere pinne 4 i staden for 5. No har eg strikka prøvelapp og det vert fint med pinne 5 og. men eg har altså retta opp både i Volangskjerf og på oppskrifta på Sjal med volang.

Strikk armband
Temaet på bloggen no i januar er restegarn og småprosjekt er glimrande til å få brukt opp dei bitte små restane. Mitt motto er at alt kan strikkast og sidan "reimarmband" er ganske poppis om dagen, tenkte eg at dei måtte vere flott i ull? Dei er jo ofte laga i skinn eller tekstil.
Det gjekk supert å strikke armband:
Dette er strikka i Silkeull i farge 90 Tinn og pinne nr 2,5. Lekkert?

tirsdag 18. januar 2011

Sjal med volang

Før jul strikka eg mange volangskjerf og for dei uinvidde kan dei lese meir om dette og finne oppskrift her og her.I romjula var eg i gong med volangane att for eg hadde lyst å kombinere volang med sjaloppskrifta vår. Eg tok utgongspunkt i oppskrift 1926, men strikka det glattstrikka og med volang. Synes ofte det kan vere greit å ha lange endar på eit sjal til å knyte rundt halsen og har derfor laga oppskrift der ein aukar oftare i sidene.
Sjalet er strikka i 2-tråds Merinoull i farge  93 Skifer på pinne nr 4. dette sjalet har holmønster i volangkanten. (ikkje vanskeleg!) Oppskrift finn du her. Takk til Pia som sporty stilte som modell!

mandag 17. januar 2011

Vinnar av konkurransen, rullegenser og ny konkurranse

Takk for alle bidrag i konkurransen. Det kom inn  105 forslag til nye garnfargar på kommentar og e-post. Nokre av forslaga har eg tenkt på, men mange var heilt nye. No er det altså slik at eg ikkje kan gå ut og sei kva fargar me kjem med til hausten for det er jo litt hemmeleg enn så lenge. Vinnaren som er trekt ut frå alle kommentarane er :

onsdag 12. januar 2011

Om striper og fargar

Fargekart som viser alle garnfargane.

Som mange skreiv i kommentar til innlegget ”Fleire ting å slanke” kjem ein ikkje utenom at det å strikke striper er ein glimrande måte å få brukt opp små og store restar på. Eg er veldig glad i striper og helst i sterke fargar. Kosar meg med sitje å tenkje på kva farge som skal bli neste stripe og kor breid den skal bli. Ofte er det fint å ta med nokre ”stygge” eller sure fargar som livnar opp.
Ofte er det greitt å planlegg plagget litt. Lage ei skisse på kva fargar som skal vere kor og sjå etter kor mykje garn ein har i kvar farge. Det er jo ikkje ukjent at ein av og til må kjøpe meir garn for å få plagget ferdig og så sit ein att med meir restar. Fenomenet er kjent som ”Restegarnets forbannelse”


Foto: Tove Breistein
Dette biletet av prøvelappar er frå Brukt på nytt der det står mykje om bruk av restegarn og oppskrifter på kva ein kan bruke det til.

Ein fin måte å sjå kva som kan fungere er å prøve ut stripene på førehand. Strikke ein liten lapp eller lage ein ”vikleprøve” før oppstart. Vikleprøvar laga me hadde då me hadde vev på Husflidsskulen i hine harde dagar, men dei fungerer like godt til planlegging av strikkeplagg. Det går mykje raskare enn å strikke lapp. Eg har brukt vikleprøvane mykje både til planlegging av strikkeplagg og Nøstebarnplagg som skal setjast i produksjon.

Surr tråd rundt ei papp-bit. Eg synes det er går raskt om eg har ein bit med dobbeltsidig tape på baksida. Då festar alle trådendane seg der. Men det er ikkje avgjerande. Det går også an å klyppe små hakk langs kanten som du festar endane i. Tape, lim eller knyt dei fast etter kvart. Det som tel er at du prøver ut ulike fargar og stripebredder for å sjå kva som fungerer. Har du funne noko som fungerer kan du la dette vere rapporten som du gjentek plagget gjennom. Det er greit å finne ut kva som fungerer på ein prøve i staden for når plagget er ferdig.

Stripekalkulator: Om du treng litt innspel på stripekominasjonar finn du ein genial "stripekalkulator" her. Legg inn kva fargar, kor mange omgongar stripene skal vere på og kor mange omgongar totalt. Er du ikkje nøgd med fyrste forslag trykker du F5 og så kjem det opp eit nytt forslag.

Konkurransen held fram: Klikk her, så kjem du til måndagens innlegg der du kan lese om konkurransen og poste ein kommentar.

mandag 10. januar 2011

Vinnar, lesarbilete og ny konkurranse!

Takk for alle innkomne forslag til kva me kan bruke restegarn til! Det kom inn heile 78 bidrag på kommentar og e-post. Veit ikkje korleis de er med dykk andre, men eg blir veldig inspirert av å lese alle dei gode forslaga og følgje linkane som syner bilete av alt som er laga.
Eg har trekt via random.org og vinnaren vart: Selma som har posta denne kommentaren:
Selma sa...
"alt" kan lagast stripete -og dermed kan også "alt" lagast av restegarn spør du meg :) JA til fleire stripeplagg og JA til å vinne garn!
Send meg ein e-post med de adresse, Selma, så er garnet snart på veg i posten til deg! Lykke til med prosjekta :-)

Og så vil eg gjerne vise litt av bileta som kom inn:



Fyrste mann ut er Irene W som sendte bilete av Rullegenser, Sokkar og Långis strikka i restegarn. Veldig fine!


Hege har strikka Selekjole med ein litt anna vri på kanten nede. Sprek kjole!


Hege har og strikka Baskelue og Jakke med rundfelling . Ho har brukt restegarn til å brodere dekor. God ide til å få brukt opp også dei små restane!


Ingvild har strikka fine  Monsterbukser og Smetteskjerf.

 Og så tek eg med nokre linkar som eg har fått inn til bloggar:
Lises myke pakker viser ein herleg kjole i restegarn som ho har strikka.
Krisztina's Hobbysider som viser eit flott teppe i restegarn.
Og så vil eg oppfordre alle til å lese kommentarane og følgje dei andre linkane som kom inn i dette innlegget.

NY KONKURRANSE:
Akkurat no held eg på med kva som skal bli dei nye garnfargane som kjem i september 2011. Eg har veldig lyst å høyre om de har forslag? Så dette vert spørsmålet denne veka:

Kva ny farge ynskjer du deg i Merinoull eller Silkeull?

Oversikt over dei garnfargane me har i dag får du ved å trykke på garn-namnet i spørsmålet. Dessverre var det ei innstilling som var feil sist, men no skal alle kunne legge att kommentar! Det er heilt fint om fleire henger seg på same fargen. Ein treng ikkje finne opp ny farge for å bli med i trekninga av dette drøye kiloet med 2-trådsMerinoull:


Og send gjerne inn bilete av ting de har strikka i restar av garnet vårt! Vil også minne om at det er mogeleg å poste bilete på Facebook. Alle bileta hamnar i eit album som ligg under fana "Bilder" på Facebook.

Ynskjer dykk alle ei fin veke!

torsdag 6. januar 2011

Eit lite og nyttig prosjekt

Takk til alle kommentarar og motteke e-postar! Eg publiserer vinnaren og ny konkurranse på måndag. Då vil eg også vise nokre av dei fine bileta som er kome inn. No er det ordna slik at alle kan leggje til kommentar på innlegga. det er ei innstilling som har stått feil og eg var ikkje klar over at det ikkje var ope for alle. Og det er fortsatt ikkje for sint å bli med!

Eg er ikkje verdens mest ryddige person, men eg liker godt å sortere. Det verste eg veit er i alle fall når eg ikkje finn ting eg veit eg har. Og ein ting eg ofte er på jakt etter er strikkepinnar. Sidan eg strikkar mykje er det greitt å ha strikkepinnane ståande framme i stova, klare til bruk.


Eg har derfor hekla trekk til ”trekk” til hermetikkboksar. Eg har brukt 3-tråds Merinoull og heklekrok 3 (men ser at 3,5 og sikkert hadde vore bra). Det tok litt tid, så neste boks (den minste boksen på biletet) hekla eg med dobbelt garn og heklekrok 4. Det fungerte og fint. Trur eg kunne tenkt meg å laga nokre einsfarga i herlege fargar. Om de ser mannen som heng på kanten av boksen er det ein mann til å måle pinnane på. Den har eg fått hjå ei venninne og heiter I needle u.

Her kjem oppskrifta om nokon vil prøve:

Hekla boksar:
3-trådsmerinoull
Enkelt garn: heklekrok 3-3,5
Dobbelt garn: heklkrok 4 mm

Botn:
Hekle 5lm og set saman til ein ring med 1 kjm.
Erstatt første fm på kvar omg med 1 lm. Kvar omg skal avlsuttast med 1kjm i luftmaska du starta omg med. Nedtak i begge fm-buene dersom ikkje anna er skrive.

1.omg: Hekle 7 fm om ringen.
2.omg: Hekle 2fm i kvar fm (=14 fm)
3.omg: *1fm, 2fm i neste fm*. Gjenta *-*. (=21 fm)
4.omg: *2fm, 2 fm i neste fm*. Gjenta *-*. (28 fm)
5.omg: *3fm, 2 fm i neste fm*. Gjenta *-*. (35 fm)

Hald fram på denne måten, slik at det vert auka 7m kvar omg. Dvs at det vert 1fm meir mellom aukingane for kvar runde. Hald fram til rundingen er like stor som botnen på hermetikkboksen, men på siste runde droppar du annakvar auking.
Side:
Neste runde heklar du slik:
1fm i kvar fm, men med nedtak berre i bakre fastmaskebue. Då dannar det seg ein kant som er fin nedst på boksen.
Hekle vidare i ”spiral”. Dvs at du ikkje avluttar kvar runde med kjm og startar med 1lm, men at du berre heklar rundt og rundt. Hekle 1fm i kvar maske. Dersom trekket vert litt stort i forhold til boksen feller du berre nokre gonger ved å hekle 2 m saman til 1m. Hald fram til trekket er like høgt som hermetikkboksen. Du kan også hekle ein omg kjm øvst (sjå den minste boksen på biletet)
Dra tråden gjennom siste m. Dersom trekket glir ned kan du sy med avslutningstråden gjennom fm i siste omg, strame til og feste enden.

Slike boksar kan jo romme mykje:
Bestikk: så slepp eg dekke på til kva enkelt. Stor boks til knivar og gaflar, liten boks til teskeier.
Fargestiftar: Så står dei klare når små (eller store!) vil teikne.
Pennar: Så er dei kanskje der når eg skal notere ned noko.
Sminkekostar og diverse på badet: Så blir det orden der og.

Super gåve?

tirsdag 4. januar 2011

Oldemorsruter

No i januar er restegarn tema her på bloggen. Takk for alle som har kome med idear til restegarnstrikk. Eg er heilt overvelda! Det er endå ikkje for seint å delta i konkurransen. Eg lova i går at eg skulle presentere mitt restegarnprosjekt (eit av dei) Eg har lenge hatt lyst til å hekle eit teppe i ”oldemorssruter”. Det er ein glimrande måte å få brukt opp små og store garnrestar. Synes dette teppet på framsida av denne boka var så fint:

Disse interiørbøkene er frå det japanske forlaget Paumes. Dei er henta frå ulike heimar som har kreative løysingar og kvar bok har eit tema. For den som ikkje kan japansk er det kun få overskrifter ein kan lese. Men kven treng å lese når det er så inspirerande bilete? Sjå på http://www.paumes.com/


Lappane er hekla i 3-tråds Merinoull på heklekrok nr 4,5. Eg har også nytta 2-tråds Merinoull lagt dobbelt. Oppskrift på teppet finn du her. Hadde tenkt at teppet skulle vere i litt duse fargar, men det vart ganske fargesterkt. (Som mykje av det eg lagar.) Tenkte eg skulle hekle rundt alle rutene med den nye fargen i 2-tråds Merinoull Skifer for å roe det litt ned. Teppet skal ligge i ein gamal mørkegrå sofa. Det var veldig kjekt å hekle rutene og det var spennande å setje saman ulike fargar som kanskje ikkje var harmoniske, men så vart det fint likevel.
 
 
Eg har hekla 56 ruter. Var veldig glad for at eg hadde fleire omgongar i same farge for det var mange trådar å feste. Eg kjenner det sit litt langt inne å byrje på siste etappe. Skal leggje inn bilete på bloggen når det er ferdig. Nokon andre som har lyst å dele bilete/link til sine oldemorsrutetepper? Send meg ein e-post!

Oppskrift på teppet finn du gratis her (http://www.nostebarn.no/)
For dei som ynskjer  å hekle anna type ruter kan du finne eit stort utval på oppskrifter her her.

mandag 3. januar 2011

Fleire ting å slanke

Aller først ei viktig melding: Frå no av vil det berre blir posta på Facebook-veggen til Nøstebarn kvar gong me har konkurranse eller nye oppskrifter. Det betyr at dersom du vil få med deg alt det som skjer av tips idear og oppskrifter må du setje deg opp som "Følger" av bloggen. Då vil du få beskjed kvar gong det kjem nytt innlegg. Sjå litt lenger nede på høgre side og trykk på "Følg-knappen!

Godt nytt år! Jula er overstått og me sit her med restegarn etter alle prosjekta me hadde i haust. For ikkje å snakke om alt garn som vart innkjøpt, men det ikkje er laga noko av endå. Januar er månaden for gode forsett, ny start og det er lite pengar på kontoen. Eg tenkte derfor at tema for januar skal vere
R E S T E G A R N. Det vert tips, oppskrifter og idear gjennom heile månaden. Kvar måndag kjem det ein ny konkurranse der det er mogeleg å vinne garn. Eg har nemleg rydda verkstaden min og ser eg har alt for mykje garn liggande og treng å slanke forrådet. Har derfor laga posar med vel 1 kg i kvar med garn frå Nøstebarn. Noko er restar, men det er også heile buntar. Noko er utgåtte fargar, medan mesteparten er eksisterande. Den fyrste pakken inneheld 2-tråds merinoull og her er bilete av innhaldet:


Og kva går konkurransen ut på? Post ein kommentar om ein ide eller tips til kva ein kan strikke av restar av ullgarn. Eg trekkjer ein av dei innsendte kommentarane som får pakken tilsendt. Om du har bilete av noko du har strikka av restegarn av garn frå Nøstebarn, send gjerne bilete eller link til kathrine@nostebarn.no . Eg vil vise dei mest inspirerande kvar måndag i januar. Trekning av konkurransen vert måndag om ei veke, altså måndag 10. januar.

Og kva er så eg i gong med av restegarn? Vent til innlegget i morgon så skal du får sjå.