tirsdag 4. januar 2011

Oldemorsruter

No i januar er restegarn tema her på bloggen. Takk for alle som har kome med idear til restegarnstrikk. Eg er heilt overvelda! Det er endå ikkje for seint å delta i konkurransen. Eg lova i går at eg skulle presentere mitt restegarnprosjekt (eit av dei) Eg har lenge hatt lyst til å hekle eit teppe i ”oldemorssruter”. Det er ein glimrande måte å få brukt opp små og store garnrestar. Synes dette teppet på framsida av denne boka var så fint:

Disse interiørbøkene er frå det japanske forlaget Paumes. Dei er henta frå ulike heimar som har kreative løysingar og kvar bok har eit tema. For den som ikkje kan japansk er det kun få overskrifter ein kan lese. Men kven treng å lese når det er så inspirerande bilete? Sjå på http://www.paumes.com/


Lappane er hekla i 3-tråds Merinoull på heklekrok nr 4,5. Eg har også nytta 2-tråds Merinoull lagt dobbelt. Oppskrift på teppet finn du her. Hadde tenkt at teppet skulle vere i litt duse fargar, men det vart ganske fargesterkt. (Som mykje av det eg lagar.) Tenkte eg skulle hekle rundt alle rutene med den nye fargen i 2-tråds Merinoull Skifer for å roe det litt ned. Teppet skal ligge i ein gamal mørkegrå sofa. Det var veldig kjekt å hekle rutene og det var spennande å setje saman ulike fargar som kanskje ikkje var harmoniske, men så vart det fint likevel.
 
 
Eg har hekla 56 ruter. Var veldig glad for at eg hadde fleire omgongar i same farge for det var mange trådar å feste. Eg kjenner det sit litt langt inne å byrje på siste etappe. Skal leggje inn bilete på bloggen når det er ferdig. Nokon andre som har lyst å dele bilete/link til sine oldemorsrutetepper? Send meg ein e-post!

Oppskrift på teppet finn du gratis her (http://www.nostebarn.no/)
For dei som ynskjer  å hekle anna type ruter kan du finne eit stort utval på oppskrifter her her.

5 kommentarer:

Ingvill sa...

Du er god! Seier ikkje meir... Klem

lise sa...

Wow, kjempelekkert! Så flaks at jeg har litt nøstebarnrester hjemme! Og sannelig er det ikke ganske så enkelt å skaffe seg mer garn heller - jeg tror jeg skal kjøpe rikelig nå når jeg skal strikke til det kommende tantebarnet.

Linda sa...

Kjempefine ruter! Går ut fra at du kjenner til metoden hvor man hekler sammen rutene samtidig som man hekler siste omgangen? Da går det som en drøm, veldig tidsbesparende! Superhekleren i bloggen Attic24 beskriver metoden her: http://attic24.typepad.com/weblog/joining-asyougo-sqaures.html . (Hun har også en forklaring på hvordan man kan snike seg unna å feste ender, om man har sterke nok nerver til dèt.)

Kathrine Gregersen sa...

Linda: Heilt genialt! Dette må eg prøve! Mykje fint ho hadde laga i så flott fargar (hjertebank!)
:-) Takk for tips!

Anonym sa...

bestemor mi hekla eit slikt til guten min, også hekla ho et i tjukkere ullgarn til meg, men det var bare en gedigen rute som ho hekla rundt og rundt på. Driver med et slikt til bryllupsgave no.

Tonje